(sjå video frå sjøsettinga av yachten over)

Den 116 meter lange nye yachten som Graeme Hart har under bygging ved Kleven i Ulstein blir ikkje levert før i haust. Planen var i utgangspunktet at ekspedisjonsyachten skulle leverast i juli, men dette har vore utsett.

– Årsaka er at det har vore ei rekke endringar, noko som både er vanleg og omtala i kontrakten. Det er avtalt seinare levering grunna fleire oppgåver med bygget, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven til smp.no.

Han vil ikkje utdjupe kva for endringar den newzealandske forretningsmannen har komen med. Yachten blei sjøsett frå Kleven tidlegare i år, og ligg no til kai ved verftet for utrusting.

Her reiser superyachten frå verftet