Kvart år plukkar Fiskeridirektoratet opp 1.000 garn frå sjøen. Det er berre halvparten av det som forvinn i løpet av eit år. Dermed står det uante mengder garn att på havbotnen, og driv det som vert kalla spøkelsesfiske.

– Det er tatt opp 20 år gamle garn som det er ny fisk i. Dette er ei problem som treng ei løysing, seier Eduardo Grimaldo, seniorforskar i Sintef fiskeri og havbruk.

Han står i bresjen for eit forskingsprosjekt der målet er å utvikle garn som er nedbrytbare i sjøen.

– Vi håper at vi klarer å finne fram til eit garn som vert brukt av flåten, seier Grimaldo.

Ingen lagar garn i Norge lenger så han har leitt i utlandet etter produsentar. I Portugal har han funne ei bedrift som lagar det rette materialet, og så vert sjølve garna laga i Sør-Korea. Her er biologisk nedbrytbare garn alt i bruk. No gjeld det å utvikle garn som norske fiskarar vil bruke. Fokus er i første omgang retta mot blåkveitefisket.

– Dette er eit fiskeri som skjer ned til 1.000 meters djup, og her er problemet med tap av garn størst. Men vi ser også på torskefiske og breiflabbfisket, seier Eduardo Grimaldo.

Garna vert brote ned at mikroorganismar og algar. Det er muleg å lage garn som går i oppløysing alt etter tre månader. Forsøk i blåkveitefisket har vist at dei nedbrytbare garna fiskar litt dårlegare, men ikkje så mykje.

– Vi har framleis ein del utviklingsarbeid å gjere, seier Eduardo Grimaldo.

Han trur biologisk nedbrytbare garn er noko som vil presse seg fram, både fordi spøkelsesfisket drep ned fisk, og fordi det gjeld å redusere mengda av plastikkavfall i havet. Materialet kan og brukast til å lage teiner, som også vert mist i store mengder.

– Fiskarane er positive. Det innser at dette er eit problem, seier Sintef-forskaren, som presenterte prosjektet under Nor-Fishing.