Kleven-konsernet har inngått ei kontrakt med joint venture-selskapet Dess Aqua om å bygge eit fartøy for slakt og transport av laks. Dess Aqua er eigd av Marine Harvest og Deep Sea Supply – begge selskap som er kontrollert av John Fredriksen.
Fartøyet skal leverast frå Myklebust-verftet i Sande i mars 2018.
Kontrakta inneheldt opsjon på eit fartøy til, opplyser Kleven i ei pressemelding tidleg torsdag.
Nær 200 millionar
Ein byggekostnad på 179 millionar kroner kjem fram i kvartalsrapporten frå Marine Harvest som også blei lagt fram i ei børsmelding torsdag.
Men i tillegg kjem støtte på 20 millionar kroner frå Innovasjon Norge.
Fartøya skal gå i trafikk for oppdrettsanlegg i Sør-Norge.
Ny type fartøy
Kleven-konsernet sitt verft i Sande har fem ulike fiskefartøy og to brønnbåtar i ordreboka.
- Slaktebåt er ein ny fartøytype for oss, og vi ser fram til eit nært og godt samarbeid med reiarlag, designselskap og utstyrsleverandørar på dette prosjektet. Fartøyet passar godt inn i vår profil og byggeprogrammet på Myklebust Verft, seier Rasmussen.
Nytt reiarlag
Det var i juni John Fredriksen
la fram planane om det nye brønnbåtselskapet
. Kleven-jobben er ein av to byggekontraktar Dess Aqua har gjort så langt.