– Dette hjelper ikkje oss det spøtt, når det er vi som må ta rekninga. Det er gjort eit overslag på at ei fjerning vil koste rundt ti millionar kroner. Det har ikkje vi, seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp).

Nok ein gong har spørsmålet om fjerning av russartrålaren som ligg på botnen utanfor Hundeidvik vore løfta opp på nasjonalt nivå.

Stortinget

Denne gongen var det stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) som stilte spørsmål til statsråden.

– Kva vil regjeringa gjere for å bistå Sykkylven kommune og kaieigar med å fjerne «Krasnoselsk», slik at vraket i framtida ikkje vil føre til tapte moglegheiter og inntekter for næringslivet i området? spurde Bjørdal.

Svaret frå samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) var ikkje oppløftande:

– Eg vil framheve at det er forureinar som har ansvar for og plikt til å sørge for nødvendige tiltak for å hindre forureining og etterkomme pålegg, svarer Solvik-Olsen – men legg til at det i denne saka har vore vanskeleg å få reiaren til å følge opp pålegga.

Så difor var det Kystverket som førebels tok rekninga då havaristen vart tømt for 80 tonn diesel og fem tonn smørjeolje.

– «Krasnoselsk» er no tømt for olje og utgjer såleis ikkje lenger nokon fare for akutt forureining, svarer Solvik-Olsen.

Ikkje nøgd.

Men i Sykkylven er korkje kommune eller kaieigar nøgd med at berre olja er borte.

Dei vil ha vekk båten, som ligg til hinder for bruk av kaia.

Det har ikkje statsråden problem med å forstå:

– Eg har stor forståing for at kaieigar og Sykkylven kommune ønskjer at vraket blir fjerna, svarer han – men legg til at det er eigar av skipet som har ansvar for å fjerne det.

– Vidare har kommunen eit sjølvstendig ansvar for sikkerheit og framkommelegheit i kommunen sitt sjøområde. Dersom kommunen meiner at vraket hindrar dette, har dei på den bakgrunn myndigheit til å fatte eit vedtak om fjerning av vraket etter hamne- og farvannsloven, svarer Ketil Solvik-Olsen.

Men kommunen vil no i staden spørje Kystverket om lov til å flytte vraket 100 meter.

Flytting er langt billegare enn heving, forklarer ordførar Odd Jostein Drotninghaug.

<strong>STATSRÅD:</strong> Ketil Solvik-Olsen (Frp). ARKIVFOTO: STAALE WATTØ