Då Arbeidarpartiet sin leiar var på Sunnmøre i fjor fekk han ikkje svele på ferga. Det vart det ei mediesak av.

No er han tilbake på Sunnmøre, og på ferja mellom Solavågen og Festøya kunne han bestille ein Fjord1-spesial, altså kaffe og svele.

Og det blir fleire høve.

For Gahr Støre innleia i dag ein tre dagar lang vestlandsturné.

– Eg vil gjerne møte folk på jobb på vestlandskysten. Landsdelen har fått motvind, og eg vil lytte og lære om utfordringane og fornyingskrafta som folk og bedrifter har, seier Jonas Gahr Støre.

Meir frå besøket:

Vil ha statleg redningsfond for rederia (krever innlogging)

Havet blir sentralt

Turneen byrja hos Fiskebåt i Ålesund, og heldt fram på Fiskerstrand Verft, der ein engasjert verftsdirektør Rolf Fiskerstrand utfordra Arbeidarpartiet på kva rikspolitikarane kan gjere for å få den maritime klyngja over kneika.

Gahr Støre lovar at havet vert ei sentralt stikkord for Arbeidarpartiet fram mot Stortingsvalet om eitt år.

– Partiet har tatt initiativ til eit verdiskapingsprogram for havet, og eg er ute etter innspel, seier Gahr Støre.

Første turnedag vart avslutta på Scana Volda, ei bedrift som har vore gjennom ein tøff omstillingsprosess.

Smp.no kjem tilbake med meir stoff frå besøket til Arbeidarparti-leiaren.