Havyard Group leverte pluss i rekneskapen for 2. kvartal, men ser utfordringar med å sysselsette verftet i Leirvik det komande året. Aktiviteten ved verftet er venta å vere låg det neste året.

– Utsiktene for 2018 er likevel tre-fire leveransar, som vi forventar vil vere standarden for dei komande åra, skriver styret i kvartalsrapporten.

Skipsbygginga ved verftet står for om lag sju av ti kroner på inntektssida i konsernet.

Driftsresultatet for halvåret enda på 48 millionar kroner frå ei omsetning på 1.008 millionar. Resultatet før skatt enda på 46 millionar kroner, ifølgje børsmeldinga.

Ordreboka utgjer ved utgangen av kvartalet 1,5 milliardar, og om lag to tredelar av dette er arbeid som leverast i løpet av året.

Havyard har fått ei langsiktig løysing på plass økonomisk, etter at dei fekk utsett betalinga på eit obligasjonslån til desember 2018. Delar av lånet skal gjerast om til aksjar.