Investeringsselskapet Incus Investor nemner Scana Propulsion spesielt i ei børsmelding.

- Innan skipsbygging har det frå siste del av andre kvartal vore teikn til betring i ordreinngang og serviceoppdrag for Scana Propulsion, melder dei onsdag føremiddag.

Etter avskriving og skatt er det framleis eit lite overskot i andre kvartal, på ein million kroner. Scana Volda AS er det største selskapet i Scana Propulsion.

Ordreinngangen i andre kvartal var på 91 millionar kroner, mot 72 mill same kvartal i fjor.

Konsernet i minus

Også for Scana Energy, som er det største selskapet i Incus-porteføljen, var det ei betring i i ordreinngangen frå slutten av andre kvartal.

Heile konsernet fekk et resultat (EBITDA) på minus 9 mill kroner i andre kvartal 2016. Det er betydeleg betre enn første kvartal 2016, då resultatet var minus 16 mill kroner.