Ulstein-reiarlag vil spare pengar og satse meir på internasjonale oppdrag for konstruksjonsskipet Island Constructor.

Avgjerda inneberer at fleire sjøfolk misser jobben når fartøyet blir flagga om frå NOR til NIS. Smp.no omtalde i onsdagens avis ein unik kveilerørsteknologi som blir nytta om bord på nett dette skipet.

Les også: Sju års arbeid bak prisbelønna teknologi (krever innlogging)

45 berørt

Administrerande direktør Håvard Ulstein i Island Offshore stadfestar at kring 45 tilsette i selskapet Island Offshore Crewing har fått oppseiingar, men at det førebels ikkje er avgjort kor mange som må gå.

– I samband med dette skal vi flytte folk frå eit bemanningsselskap til eit anna. Mange vil bli engasjert i andre prosjekt, men ikkje alle vil ha ein jobb etterpå, seier Ulstein til smp.no.

Skipet går med til saman tre skift, som kvar består av kring 30 personar. Med omflagginga blir det to skift.

(saka held fram under)

Skiftar ordning

Utover hausten vil fartøyet ha nokre jobbar på norsk og britisk sokkel og er akkurat no på veg ut i kortare oppdrag etter å ha vore inne til mannskapsskifte.

– Vi har hatt ei arbeidstidsordning og lønnssystem som har vore tilpassa jobb på norsk sokkel med brønnintervensjon. Men denne kostnadsbasen er ueigna andre stader, og vi har bestemt oss for å fokusere meir på internasjonale operasjonar med dette fartøyet. Derfor går vi over til ei anna ordning for å redusere kostnadane, seier Ulstein.

Tidlegare har tilsette i reiarlaget både på land og til sjøs vore naud til å gå ned i lønn, og ein handfull tilsette på land er også oppsagde.

Vinteropplag

Reiarlaget har slitt med å sysselsette dei store fleirbruksskipa sine i den vanskelege marknaden. Skipa har difor vore fire månader i vinteropplag før dei starta «sesongen» frå april.

Då Island Offshore gjorde opp status etter første kvartal hadde dei også fire plattformforsyningsskip i opplag av totalt 29 skip i flåten, ifølgje kvartalsrapporten.

Selskapet har til skilnad frå fleire av de andre suppyreiarlaga sikra seg ei langsiktig løysing på finansane. Reiarlaget fekk allereie i vår på plass ein avtale om utsett betaling på gjeld, og har også selt fleire skip.