Nyleg inngjekk Stryvo i Stryn ein leigeavtale av det tidlegare verftsanlegget på Fiskåholmen i Vanylven. Dermed kunne dei tilby leveransar av betydeleg større konstruksjonar enn tidlegare.

No har anlegget med djupvasskai og stor krankapasitet verkeleg kome til nytte. Eit 26 tonn og rundt 8x7x6 meter stort filter til oljeindustrien er skipa ut.

Så store gjenstandar er ikkje akkurat noko som er mogleg å transportere gjennom tunnelar.

Oljefilteret blir levert i samarbeid med Aibel og Aker-selskapet Fjords Processing. Filterpakken skal setjast i drift på Statoil si plattform Heidrun i Nordsjøen.

Ferdig før tida

– Filterpakken er ein kompleks og samansett leveranse med høge krav til kvalitet og presisjon. Stryvo har gjennomført oppdraget etter planen, til rett tid og med høg kvalitet, noko som vi er stolte over og viser vår evne og gjennomføringskraft til større prosjekt, skriv adm.dir. Jostein Bøe i ei pressemelding.

– Vi var faktisk ferdig før tida, seier Bøe til smp.no.

– Løner seg å flagge heim

Bøe meiner at det løner seg for oljeindustrien å flagge heim leveransar som dette.

– Dette prosjektet viser til fulle at norske leverandørar er konkurransedyktige i forhold til utanlandske, og at «home sourcing» er meir og meir ein vald strategi for oljeselskapa og deira underleverandørar, meiner Bøe.

Referanse-prosjekt

– For oss er dette eit referanseprosjekt, seier Bøe til smp.no, og legg til at dei dei no held på med å rekne på fleire tilsvarande pakkar til ulike norske leverandørar.

– Det har vore god kvalitet på sjølve jobben, jobben vart levert før tid, og det har vore eit god samarbeidsklima hele vegen for å finne dei beste og mest effektive løysingane, seier Martin Lundgren i Aibel i ei pressemelding.