– Dette legg grunnlaget for auka avvirking i skogen. Det skjer på toppen av det regjeringa allereie har gjort med infrastruktur til skogbruket, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp)  til Sunnmørsposten.

Lekkasje

Onsdag ettermiddag er han i Ørsta og slepp ein liten bit av det som kjem i statsbudsjettet om nokre dagar. Formelt er det Landbruksdirektoratet som løyver midla, men Dale nyttar høvet til å «lekke» når han er på heimlege traktar.

Totalt er investeringa for ny tømmerkai ved Ørstaterminalen på 17 millionar kroner, men kommunen har søkt staten om å dekke 12,5 millionar av dette. Etter å ha søkt for tredje gong har det endeleg lukkast. Dermed kan kaifronten auke med 85 meter og blir dermed dobla. Det blir avsett 6 mål til tømmerlagring, og volumet på utskiping er forventa å auke frå 37.000 kubikkmeter til 70.000 kubikkmeter. Kaia er mellom dei 14 lokalitetane som er høgast prioritert i ein Sintef-rapport i 2011.

Hente verdiar

– Er dette ein måte for sunnmøringen å helse heim på?

– Då burde eg definitivt ha lagt dette i Dalsfjorden. Det har vi ikkje gjort, men dette er ein god søknad i eit område som har store moglegheiter til å hente fleire verdiar ut av skogen. Eg skal også leggje fram ei skogmelding i løpet av hausten som peikar på nye moglegheiter for norsk skog og treforedling, seier Dale.

Konkurransekraft

Landbruks- og matministeren er oppteken av å syne at regjeringa på tre år har dobla investeringane til tømmerkaier og auka investeringane til skogsbilvegar med 80 prosent.

– Det er ein vekst som vil halde fram. Det bidreg til at vi held fleire bilar vekke frå vegen, fordi det kan gå sjøvegen. Det legg også grunnlaget for reduserte kostnader for skogeigarane og dermed styrker konkurransekrafta for norsk tre, meiner han.

Hauste skog

Dale er oppteken av at skogeigarane no kan hogge ut mykje av den grana langs vestlandskysten som skogreisinga gav oss for 50 år sidan.

– Ved at vi no satsar i Ørsta, får vi bygd ein kai før vi når toppen på skog som skal avverkast. Alternativet er at vi byggjer etter at vi er over toppen, meiner Dale.

Ifølgje landbruks- og matministeren prioriterer regjeringa å kanalisere pengar mot Vestlandet, som har opplevde veksande arbeidsløyse.

– Samtidig har vi kanalisert pengar til Vestlandet på ein slik måte at dei utløyser ny verdiskaping og grunnlag for nye investeringar, seier han.

Verdiskaping

-– Kan ei djupvasskai som dette vere med på å generere anna aktivitet, til dømes turisme?

– Det viktigaste er definitivt at større skip kan gå inn i Ørstafjorden, men dette er primært bygd for å bidra til å utløyse det potensialet som ligg for verdiskaping i skogane rundt om på kysten langs heile søre Sunnmøre. Det er hovudintensjonen, og eg håper at det først og fremst er det det vil utløyse. Om et skulle vere anna nyttiggjering av prosjektet i tillegg til det, er det naturlegvis berre bra.

Fleire prosjekt

– Er det andre område som får sine tømmerkaier?

- Det er mange prosjekt langs heile kysten som er i ein søknadsprosess for å få til dette. Det er også mange skogsvegar som er under planlegging eller utbygging. Det eg kan seie om det no, er at denne regjeringa har satsa betydeleg på å redusere kostnadene ved i bidra til slike utbyggingar, og det vil vi halde fram med å gjere, seierlandbruks- og matministeren frå søre Sunnmøre.

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) kunne sleppe ein liten bit av det som kjem i statsbudsjettet, under besøket i Ørsta, onsdag. Foto: Terje Engås
Skogbrukssjef Roger Nedreklepp. Foto: Terje Engås
F.v.; Assisterande rådmann Eldar Rune Øye, Jon Georg Dale, rådmann Wenche Solheim, ordførar Stein Aam og ordførar Jørgen Amdam. Foto: Terje Engås