Få timar før brønnbåten «Ronja Ocean» vert sjøsett frå Myklebust Verft, kunngjorde Sølvtrans at dei har inngått ein femårsavtale for brønnbåten.

Dermed har Sølvtrans 100 prosent kontraktsdekning, både for dei 19 båtane i drift og for dei fire båtane under bygging.

Det aller meste er langtidskontraktar.

– 90 prosent av båtane er sysselsett på lange kontraktar på mellom to og åtte år. Dei store båtane er sikra i mange år, seier Sølvtrans-leiar Roger Halsebakk til Sunnmørsposten.

– Går godt an å bygge i hel

– Det går godt an å bygge i hel denne marknaden også, seier Roger Halsebakk.

– På verdsbasis er det kanskje 110–120 brønnbåtar. Til samanlikning er det kanskje fire tusen offshore-båtar. Så det vil vere lettare å bygge i hel marknaden  for brønnbåtar. Dette er ein balansegang. Det skal ikkje mykje forandrast i marknaden før det blir for mange, seier Roger Halsebakk.

Så legg han til:

– Men vi bygger ikkje på spekulasjon. Vi bygger i dialog med kundar der vi reknar med at det blir kontrakt.

Meir enn nok å gjere

For tida er det visst meir enn nok å gjere. Halsebakk fortel om mange førespurnader frå Norge og Skotland etter at andre brønnbåtselskap ikkje har greidd å gjere jobben som avtalt.

– Akkurat no skulle vi gjerne hatt fleire båtar. Det er det ikkje tvil om, seier Halsebakk til Sunnmørsposten.

Bygge om offshorebåtar?

Nokre har foreslått å bygge om offshorebåtar til brønnbåtar. Marine Harvest sin samarbeidspartnar John Fredriksen har vurdert det.

Det har Halsebakk i Sølvtrans ingen tru på.

– Ein offshorebåt er ein stor båt med store operasjonskostnader, som får liten kapasitet. Inntektene er gått ut omtrent før den får lag frå kai, ifølgje Halsebakk.

Må fornye flåten

Dagleg leiar i Oppdretternes Miljøservice, Gudbrand Sørheim, skryt av brønnbåten til Sølvtrans som blir sjøsett fredag ettermiddag.

Halsebakk meiner fornying av flåten er viktig.

– Det er fiskebåtane som har vore flinkast til å fornye seg som har overlevd. Slik er det også hos oss. Vi går ikkje på kompromiss med kvalitet, seier Roger Halsebakk.