Frå sjøsettinga, fredag. (Foto: Simon Huse)

Frå sjøsettinga, fredag. Foto: Simon Huse

Frå sjøsettinga, fredag. (Foto: Simon Huse)

Frå sjøsettinga, fredag. Foto: Simon Huse

Frå sjøsettinga, fredag. (Foto: Hans Kristian Opsal)

Frå sjøsettinga, fredag. Foto: Hans Kristian Opsal

«Ronja Ocean» vart dokka ved Myklebust Verft i Sande i juli. Båten vart sjøsett fredag ettermiddag. ARKIVFOTO: KLEVEN (Foto: Kleven)

«Ronja Ocean» vart dokka ved Myklebust Verft i Sande i juli. Båten vart sjøsett fredag ettermiddag. ARKIVFOTO: KLEVEN Foto: Kleven

1 / 4

Sølvtrans med kontrakt på alle båtar under bygging

Myklebust har sjøsett første brønnbåt

Fredag ettermiddag var Myklebust Verft sin aller første brønnbåt, «Ronja Ocean», sjøsett. Reiarlaget Sølvtrans har kontraktar på alle dei fire båtane som er under bygging.

Få timar før «Ronja Ocean» vart sjøsett frå Myklebust Verft, kunngjorde Sølvtrans at dei har inngått ein femårsavtale for brønnbåten. Båten vart sjøsett fredag ettermiddag.

Kunden er Oppdretternes Miljøservice AS i Nord-Trøndelag, som er eit samarbeid mellom fleire oppdrettarar. «Ronja Ocean» blir den fjerde brønnbåten som Sølvtrans leiger ut på langtidsavtale til dette selskapet.

100 prosent dekning

Den siste tida har Sølvtrans signert kontraktar på alle dei fire båtane som er under bygging.

Den andre båten under bygging ved Myklebust Verft, «Ronja Diamond», blir levert i september neste år. Her har Sølvtrans allereie skrive kontrakt med eit selskap i Chile, skriv Vestlandsnytt.

«Ronja Supporter», som blir bygt ved Aas Mek. i Vestnes, skal på langtidskontrakt i Skotland. Den fjerde båten, «Øystrand», skal til Bømlo-området.

Skryt av nybåten

Dagleg leiar i Oppdretternes Miljøservice, Gudbrand Sørheim, skryt av båten som vart sjøsett fredag ettermiddag.

– Den nye kapasiteten gjer det mogleg for oss å møte utfordringane og veksten våre eigarar står over for i åra som kjem, «Ronja Ocean» er eit framtidsretta, effektivt fartøy, blant anna med ein unik og miljøvenleg teknologi innan ferskvassbehandling, skriv Sørheim i ei pressemelding.

Sølvtrans har no 19 brønnbåtar i drift og fire båtar under bygging for levering i år og neste år.

90 prosent av båtane er sysselsett på lange kontraktar, på mellom to og åtte år.

Sølvtrans hadde i vår ein stortilt 30-årsfest på Sandsøya, der Ålesund-selskapet har sitt utspring.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Krisen i AaFK:

AaFK svarer på kritikken

– Er handlekraft det samme som å sparke treneren?

Daglig leder Geir S. Vik i AaFK stiller spørsmålet som reaksjon på sportsleder Helge Skuseths kommentar om situasjonen som Aalesunds FK har kommet i etter elleve kamper uten seier.

Kan det skje igjen?

Dette er overlevelsesgaven som reddet AaFK fra nedrykk i fjor

Høsten 2016 sikret AaFK seg 22 av 24 poeng på åtte strake kamper etter Arild Traa sin overlevelsesgave ”Kampen for å overleve” til fotballklubben i sitt hjerte, Aalesunds Fotballklubb. 

Debatt i Sunnmørsposten

Årim får kritikk for sortering av matavfall:

- Dette er direkte feil, svarer Årim

- Det er uheldig at «ekspertar» forsøker å etablere sanningar basert på feil faktagrunnlag, seier dagleg leiar Øystein Peder Solevåg i Årim i ein kronikk sendt til Sunnmørsposten.

Derfor innfører Årim sortering av matavfall

«Alt du sorterer blir til noko nytt»

No innfører Årim ny kjeldesorteringsløysing. Innbyggjarane i Giske er først ut. Hensikta er å utnytte ressursane i avfallet best mogleg.