Marvin Nerland frå Herøy kan juble etter å ha sikra sin første større kontrakt på ei nyvinning som kan sikre  lysarmatur i industrien.

Nyskapinga er ein type fallsikringsplugg for lysarmatur og no har selskapets hans, Highlight Secure, fått bestilling på 450 pluggar frå nederlandske Huisman, ifølgje ei pressemelding.

Huisman leverar større offshore-kraner og skal nytte pluggen til Marvin for å sikre alle lys i kranane på fartøyet «Sleipnir Heerema» - omtala som verdas største halvt nedsenkbare kranskip.

(saka held fram under)

– Gir tryggleik

Den 48-årige oljeelektrikaren held til på Fiskå i Vanylven og har tidligare selt pluggen i mindre skala til oljeselskap, som  Statoil, Odfjell Drilling, Archer og KCA Deutag.

– Det er mange som har kjøpt, men med denne store ordren på over 450 pluggar håpar eg at dette kan vere det endelege beviset for at fallsikringspluggen er ei god løysing. Dette gir kundane tryggleik for at problemet med fallande gjenstandar er løyst. Det har vore ein lang prosess med mykje arbeid, og det har kosta mykje å komme så langt, seier Nerland i ein kommentar.

Norsk patent

Han starta arbeidet i 2012 og noko av poenget er unngå provisoriske ordningar. Pluggen skal også gjere det lettare med vedlikehald og reparasjonar.

Samarbeidet med Ålesund kunnskapspark (ÅKP) i Ulsteinvik og økonomisk støtte frå Innovasjon Norge og Vanylven utvikling har vore avgjerande for å kome i mål meiner gründeren.

Nerland har fått norsk patent på sikringspluggen, og produktet er ATEX- og IECEx-sertifisert til bruk i Ex-soner, der det kan vere eksplosive gassar og stor brannfare.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no