Pizza-merket har overlevd og selt så godt takka vere folkelege rekamekampanjar, meiner logistikksjef Einar Arve Nordang i Orkla Foods Norge.

– Når det gjeld å halde merket levande, er det takka vere gode innovasjonar og folkelege, engasjerande reklamekampanjar. For eksempel fekk vi gullplate på VG-lista med ringetonen for laurdagspizza. Det er første gong ein reklamemelodi har vorte så populær at han hamna på hitlistene, seier Nordang til lokalavisa Sunnmøringen.

2016 ser ut for å verte eit svært godt år for Grandiosa. Så langt er det selt 15 prosent meir enn på tilsvarande tid i fjor.