Konkurransetilsynet tillet Havilafjord sitt oppkjøp frå 41 til 67 prosent av aksjane i Fjord1, opplyser tilsynet i ei pressemelding.

Konkurransetilsynet skal vurdere konkurranseavgrensande verknader av fusjonar og oppkjøp.

– Havilafjord sitt kjøp av eigardelar i Fjord1 vil ikkje i vesentleg grad hindre effektiv konkurranse, og dermed kan Havilafjord sitt oppkjøp av eigardelar i Fjord1 tillatast, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese.

Oppkjøpet vart meldt til Konkurransetilsynet 8. september 2016.

Tidlegare i år sa tilsynet nei til at konkurrenten Torghatten fekk kjøpe Fjord1-aksjar.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no