Måndag vert det kalla inn til ekstraordinær generalforsamling i Rem Offshore. På sakslista står godkjenning av fusjonen med Solstad Offshore. Reiarlaget er i praksis historie når dette siste formelle vedtaket blir fatta.

Nye planar

Mange har lurt på kva kurs Remøy no vil stake ut, og førebels har han haldt korta til brystet. Men opplysningar meldt inn til Brønnøysundregistra teiknar eit tydeleg bilde av at Remøy er i ferd med å sette opp ny offshoreverksemd.

Investeringsselskap

Så seint som laurdag blei det registrert namneendring i selskapet som i starten av september blei oppretta med det kryptiske namnet Startup 67 16 AS.

No heiter selskapet In Nord Vest AS og har fått nytt formål.

Selskapet blei registrert utan spesielle formål. No heiter at det formålet er «investering i offshorefartøy og alt som hermed står i samband, derunder deltaking i andre selskap».

Åge Remøy er dagleg leiar og styreleiar i selskapet som same dag melde adresseforandring frå Oslo til Fosnavåg. Med seg i styret har han sin gamle kjenning Thorsteinn Mar Baldvinsson og Magnus Leonard Roth. Eigardelane i selskapet står ikkje oppført.

(saka held fram under)

Ikkje tomhendt

Sjølv om Åge Remøy måtte kaste inn handkledet i kampen for Rem Offshore, står han ikkje på bar bakke.

I konsernrekneskapen frå eigarselskapet Barentz i 2015, var det ved utgangen av året oppført ei kontantbehaldning på 785 millionar kroner. Så er det eit ope spørsmål kor mykje av desse verdiane som er vekke når Rem Offshore er historie.

Solstad-sal?

I samband med Solstad-fusjonen skal Åge Remøy mellom anna spytte inn 150 millionar i det nye reiarlaget. Etterpå vil Remøy ha kring 15 prosent av aksjane i Solstad Offshore, men han har allereie opna for å selje seg ut.

Med i bildet høyrer også salet av trålaren «Hopen» med tilhøyrande kvotar til Fosnavåg Shipping. Partane ville ikkje ut med salssummen for fiskebåten, som kosta 300 millionar kroner for tre år sidan.,