Denne veka tok Thorsteinn Mar Baldvinsson, saman med Åge Remøy, opp kampen om den lokale eigarskapen til reiarlaga på Sunnmøre.

Med på laget i det nye investeringsselskapet In Nord Vest, er ein mediesky svenske ved namn Magnus Roth. Begge har band til Sunnmøre som går langt tilbake.

Bakgrunn: Åge Remøy startar på nytt i offshore

«Offshoreslaget er langt frå tapt»

Sævik om Remøy-oppstart: – Kan absolutt vere ein betydeleg aktør

«Bitre åtak»

Før det nemnde utbrotet i 2010 hadde Baldvinsson teke turen eins ærend frå Island for å ta eit oppgjer med Rem-eigar Åge Remøy. På sakskartet denne januardagen stod ein formalitet på dagsorden: Val av Gunvor Ulstein som nytt styremedlem i reiarlaget.

Men striden etter delinga av Rem Offshore mellom Åge Remøy og Solstad Offshore hadde ikkje lagt seg. Baldvinsson og Stig Remøy var minoritetseigarar og kjende seg skvisa. Møtet enda med ny krangel og bitre åtak stod det i Sunnmørsposten dagen etter.

«Fisk, båt og pengar. Det er noko islendingen Thorsteinn Mar Baldvinsson har greie på. Og det er på Sunnmøre han har lært mykje av det», stod det ni månader etter den nemnde generalforsamlinga i ein fem sider lang reportasje i Sunnmørsposten med tittelen «Det store Herøyspelet».

Slutta fred

Baldvinsson blir omtala som Islands svar på Kjell Inge Røkke og han studerte til ingeniør i Trondheim før han reiste til Ålesund.

Deretter drog han heim til Island. Der bygde han frå starten av 1990-talet opp reiarlaget Samherji til å bli ein fiskerigigant. Han er òg tidlegare styreleiar i islandske Glitnir, men gjekk av då banken blei overteke av Staten og kom seg velberga gjennom finanskrisa.

Baldvinsson innleia samarbeidet med Åge Remøy allereie i 2007 då Solstad pressa sunnmøringen opp i eit hjørne i kampen om aksjemajoriteten i Rem Offshore. Han ville inn i offshore, og blei ein viktig alliert i kampen for å behalde eigarskapen i Remøy-familien. Men det blei også turbulente år fram til avtalen Åge Remøy inngjekk med Solstad om å dele reiarlaget – og striden i kjølvatnet.

Men eitt år etter det bitre styremøte i Fosnavåg gir Baldvinsson uttrykk for at han vil leggje konflikten etter Rem-delinga bak seg:

– Begge partar har gitt og tatt. No gjeld det å sjå framover. Eg føler eg er aksjonær i eit godt selskap, seier han til Sunnmørsposten.

Merka av Brennpunkt

Svenske Magnus Roth har også tent store pengar på fiskeri. Første gongen Åge Remøy møtte Roth skal ha vore under ein båthandel «for mange år sidan», ifølgje Åge sjølv.

Den no sveitsbusette Roth bygde seg stort opp kvitfisk-handel frå Barentshavet. Men dei siste tolv åra har han knapt snakka med norske media. Mykje av årsaka er Brennpunkt-programmet «Rovfiskerne», sendt på NRK september 2004.

Striden enda med eit forlik utanfor rettssalen i 2008. Programskaparane måtte etterpå påpeike at dei aldri hadde hevda at Ocean Trawlers hadde gjort noko ulovleg og heller ikkje hadde dokumentasjon på det. Men ifølgje Roth fekk programmet alvorlege konsekvensar for Ocean Trawlers: Hovudkontoret i Drøbak blei lagt ned, 28 tilsette blei sagt opp og dei fekk problem med banken.

Roth og Ocean Trawlers skifta base til Hongkong. I åra etterpå har han knapt vore synleg i media.

– For meg var dette det verste eg har vore gjennom, seier han i eit intervju med Norsk Fiskerinæring i 2011, der han refsar journalistane for å ha vore for einspora.

Faksimile: Intervjuet Magnus Roth gjorde med Norsk Fiskerinæring i 2011, då han for første gong snakka ut etter striden kring Brennpunkt-dokumentaren frå 2004.

Nygift til Ålesund

I intervjuet får offentlegheita også vite litt om korleis den tidlegare marineoffiser frå den svenske austkysten, enda opp med å drive stort innan fiskeri. Roth fortel korleis han kom til Ålesund som nygift i mai 1985 og starta i jobb ved Handelskontoret Witte International. Same tidsskrift omtala Witte det året som det sterkast veksande selskapet i fiskeri-Norge.

Roth og to kollegaer kjøpte etter kvart ut delar av verksemda og blei første utanlandske fiskeriselskap med Murmansk-kontor på starten av 1990-talet. Den første tilsette på kontoret var Vitaly Orlov, russaren som seinare skulle bli Roth sin partnar i Ocean Trawlers.

I ettertid meiner Roth at merksemda kring det såkalla svartfiske i Russland gjorde at Ocean Trawlers kom styrka ut på andre sida. I 2011 omsette dei trålfisk for kring to milliardar og Roth gjekk inn som administrerande direktør.

Vegskilje

No i sommar kom Roth til eit vegskilje i forretningsverksemda. I starten av juni selde han om lag ein tredel av aksjane i holdingselskapet selskapet Norebo Holdings – morselskapet til mellom anna Ocean Trawlers.

I ei uttale til nettstaden Undercurrentnews.com seier svensken at salet gav blanda kjensler. Det er kjent at utanlandske eigarskap i fiskekvotar ikkje er populært i alle kretsar i Russland, men Roth ville ikkje seie kvifor han selte seg ut. I staden påpeika Roth at han var stolt over kva dei hadde bygd opp, og ikkje minst: Salet gav han fridom til å sjå på nye moglegheiter.

– Eg er i ein prosess der eg vurderer ulike forretnings-område. Fiskeri kan vere eitt av dei, sa han i slutten av juli – på same tid som det blei kjent at Aker hadde blokkert for kriseløysinga i Rem Offshore. Berre få dagar etterpå var det klart at Åge Remøy ville godta ein Solstad-fusjon, og at reiarlaget ville vere historie i løpet av få månader.