Som følgje av at fleire skip blir lagt i opplag, blir til saman kring 330 tilsette i Island Offshore permittert.

Reiarlaget i Ulsteinvik sendte fredag ut ei pressemelding der dei opplyser at til saman sju skip blir lagt i vinteropplag. Det betyr at 12 av reiarlaget sine 28 skip vil vere ute av drift i kortare eller lengre periodar den komande tida.

Unngår oppseiingar

Administrerande direktør Håvard Ulstein synest det er leit å sende ut slike meldingar, men opplyser at det må gjerast for å berge selskapet gjennom krise og sikre flest mogleg arbeidsplassar. Han påpeiker at det per no ikkje ligg an til an til at nokre av desse tilsette blir oppsagde.

På dei to brønnintervensjonsskipa Island Wellserver og Island Frontier er det kring 90 tilsette som blir permittert. På dei andre fem skipa er det kring 30 tilsette per fartøy som blir permittert.

Dei fleste tilsette må rekne med å vere permittert til våren, medan sjøfolka om bord på ankerhandteringsfartøya Island Vanguard og Island Valiant vil vere ute av jobb i to-tre månader.

(saka held fram under)

– Ikkje så drastisk

– Dei tilsette blir teke vare på gjennom vårt eige system og vi vil lose dei gjennom Nav-systemet. Det får sjølvsagt konsekvensar for folk sjølv om det er snakk om permitteringar over kortare tid, men det blir ikkje så drastisk. Om folk planlegg litt, så skal det gå greitt, seier Ulstein til smp.no.

Reiarlaget har laga ein køyreplan for korleis dei tilsette bør handtere situasjonen, men det er ikkje planar om å invitere Nav til bedrifta for felles rådgivning.

Håper det ikkje blir verre

Island-direktøren stadfestar at situasjonen aldri har vore verre med om lag ein firedel av arbeidsstokken på 1200 tilsette ute av arbeid.

– Trur du det blir enda verre framover?

– Det er ingen som veit, men med gradvis aukande oljepris og ein aldri så liten optimisme å spore i oljesektoren, så håpar vi ikkje at det blir verre. Men vi har ingen garantiar, påpeiker han.

Oppseiingar på Constructor

Reiarlaget jobbar også med å flagge om fleirbruksskipet Island Constructor frå NOR til NIS. Det inneber at kring 45 tilsette truleg misser jobbane sine, men Ulstein kan ikkje opplyse om det konkrete talet no. Bakgrunnen er eit ønskje om å spare pengar og satse meir på internasjonale oppdrag for skipet.

– Omflagginga vil skje i vinter. Førebels har fartøyet arbeid ut november, opplyser Ulstein.

(saka held fram under)

Island Constructor har ikkje konkret oppdrag på handa etter omflagginga, men reiarlaget har trua på at fartøyet tidleg vil vere attraktivt når marknaden snur.

Reiarlaget melde i førre månad om eit halvårsresultat før skatt på skarve 34 millionar kroner frå ein omsetnad på 985 millionar.