Vest Buss i Stryn vedtok på eit styremøte måndag å slå bedrifta konkurs, melder avisa Fjordingen.

Til saman 65 tilsette i Norge og Sverige står utan jobb som følgje av konkursen.

– Vi har arbeidd lenge for å finne løysingar, men klarte det ikkje. Utfordringa er ikkje innteninga men finansiering og gjeldssituasjonen, opplyser styreleiar Per Dag Nedreberg for Vest Buss Gruppen AS til avisa.

Konkursen gjeld både Vest Buss Norge, Vest Buss Gruppen AS og Vest Buss Sverige AB.

Paradoksalt nok låg overskotet i Vest Buss Norge an til å ende på kring seks millionar kroner i pluss i år, etter at dei har selt fleire bussar enn nokon gong. Men stor gjeld til bussprodusenten Iveco har gjort situasjonen vanskeleg - og til sist umogleg - ifølgje styret.

Det har vore vurdert å berre ta Vest Buss Norge til skifteretten, men dette blei droppa på grunn av konsekvensane det ville fått for dei andre selskapa.

Vest Buss har verksemd i Stryn, Kristiansund, Arna, Lillestrøm, Haugesund og Sverige, men hovudkontoret ligg i Stryn.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no