Vest Buss Gruppen AS og Vest Buss Norge AS er konkurs, og advokat Per Kjetil Stautland er bustyrar for begge konkursbua. Han møtte onsdag dei tidlegare eigarane for selskapa.

– Dette er ein stor konkurs, med mykje aktivitet i fleire avdelingar. 29 bussar er under levering, og vi jobbar for å få dei levert for å unngå tap. Men det er komplisert, seier Stautland som også har dialog med bussleverandør Iveco og deira advokatar i England.

Garantiansvar

No jobbar Stautland saman med tidlegare leiing, bank og Iveco for å få på plass ei løysing for å få oppfylt leveransane.

Etter det Sunnmørsposten forstår skulle blant anna 23 bussar leverast til Boreal som har fått busskontrakt med Møre og Romsdal fylkeskommune frå nyttår.

Bustyraren jobbar for å avgrense tap for alle partar, også for selskapa som har bestilt bussane.

Salet av bussane krev at buet leiger inn arbeidskraft. Også garantiansvar må på plass før bussane kan leverast.

– Spørsmålet om vidareføring av verksemda har ikkje vore på bordet enno, men eg ser ikkje bort frå at det kan skje, seier Stautland.

Ikkje oversikt over gjeld og verdiar

Dei 29 bussane var Vest Buss Norge sin eigedom og er dermed omfatta av konkursbeslaget. Eit spørsmål som må avklarast er om buet kan levere bussane eller om beslaget kan opphevast, slik at panthavarane kan ta hand om bussane.

Onsdag hadde Stautland enno ikkje full oversikt over gjeld og verdiar i buet, men ein stor del av verdiane er pantsett. Bussleverandør Iveco er største kreditor.

– Det er ein god del å halde styr på. Og her er løpande kostnader for fleire lokale rundt om i landet, som straum og forsikring. No må eg får oversikt over situasjonen, slik at ikkje det blir kostnader ut over det som ein kan dekke, seier Stautland.

65 tilsette er ramma av konkursen. Av desse er 25 tilsette i Stryn. Konsernet har også avdelingar i Lillestrøm, Arna, Haugesund, Kristiansund, samt salsavdeling i Sverige.