Tomta Bildet frå 2011 viser tomta som Olympic ønskte å reservere på Mjølstadneset. 
            (Foto: Torill Myren)

Tomta Bildet frå 2011 viser tomta som Olympic ønskte å reservere på Mjølstadneset. Foto: Torill Myren

Olympic utset byggeplanar

Stig Remøy ber om to års utsett byggefrist på den 26 mål store tomta Olympic Holding eig på Mjølstadneset.

Olympic Holding AS har søkt Herøy kommune om å få utsett byggefrist til 5. oktober 2018.

– Årsak er at dei utarbeidde utviklingsplanane er utsett inntil vidare, skriv Stig Remøy i søknaden til kommunen.

Krillfabrikk

Stig Remøy varsla allereie i 2011 at han hadde planar om å byggje krillfabrikk og hovudkontor for Olympic-konsernet på Mjølstadneset. I 2014 varsla han at det kunne bli byggestart innan eitt år for storsatsinga.

Den 26 mål store tomta ligg i Mjølstadneset industriområde og er klargjort for utbygging.

Ifølgje kjøpekontrakten frå 2013 betalte Olympic Holding 7,7 millionar kroner for tomta.

Tilrår utsett frist

Rådmannen rår til at kommunen gir utsett frist i to år, slik Remøy har søkt om, ifølgje sakspapira til formannskapet i Herøy.

Det blir vist til at kommunen i dag har anna tilgjengeleg areal innanfor industriområdet, som kan seljast til potensielle industrietableringar.

Ei utsetjing på tomta til Olympic vil ikkje ha nemneverdige konsekvensar, slik situasjonen er i dag, heiter det i vurderinga.


Olympic Holding-resultatet 2015:

Kvart milliard i krillminus - tok utbytte for å betale regninger

Årsregnskapet fra Stig Remøys Olympic Holding viser tydelig hvor presset situasjonen til Herøy-rederen er.

 

Doblar krill-satsinga

Stig Remøy og Olympic har fått ny krillkonsesjon, og satsar på ny krilltrålar til fleire hundre millionar kroner.

 

Olympic-reiarlaget med store planar

Ønskjer å byggje krillanlegg i Herøy.

 

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Kan spare bussene for tid:

Slik kan det nye busstoppet ved Ålesund sjukehus bli

Nytt trafikknutepunkt på Åse kan spare bussene for tid.

Asbest-funn forsinker Spjelkavik videregående

Funn av asbest fordyrer og forsinker rehabilitering av Spjelkavik videregående skole.