MJØLSTADNESET (smp.no): Medan faren Per og den eldre broren Njål, kjempa for framtida til familiereiarlaget i Oslo, heldt Vegard Sævik måndag «fortet» ved hovudkontoret på Mjølstadneset i Herøy.

Den yngste sonen til Per Sævik er involvert i ei rekkje selskap, men arbeider i første rekke i Havila Holding – ei etasje opp for Havila Shipping i bygget som på folkemunne går under namnet «Diamanten».

Frykta for jobbane

Sunnmørsposten møtte han på veg heim frå kontoret, og han fortel om ei letta stemning på huset då nyheita blei kjent.

–  Det har vore ein reell usikkerheit ved om folk hadde arbeid å gå til i morgon, og ein reell fare for at selskapet kunne gå konkurs. Det har dei no fått beskjed om at; det skjer ikkje, seier Sævik.

Han fekk sjølv ei tekstmelding om nyheita frå storebror Njål kort tid før børsmeldinga gjekk ut.

– Kva tenkte du då?

– Bra! He-he..

Les siste saker om Havila her

(saka held fram under)

Feira bursdag

Sjølv om det faktisk låg an til litt feiring i Sævik-familien måndag, var det ikkje reiarlaget sin skjebne som var årsaka:

– Nei, eg skal hente ungar på barnehage og skule, så skal vi ha ei bursdagsfeiring, seier Sævik – men let vere å seie at det er han sjølv som skal feirast.

Han synest ikkje det er noko å gjere så mykje ut av, men på spørsmål frå journalisten erkjenner han at nyheita om at reiarlaget blei berga, var ein bursdagspresang «heilt der oppe».

«DET BLE JA!!!!!!!!!!»

Facebook-oppdateringa på Havila Shipping sin profil som startar med «DET BLE JA!!!!!!!!!!», og eit bilde av ein matros som står på henda - seier noko om kor viktig avgjerda var for dei drygt 600 tilsette.

(saka held fram under)

No ligg alt til rette for at Sævik-familien blir dei første som styrer eit av dei større reiarlaga på Sunnmøre inn mot smult farvatn dei neste fire åra – og framleis har lokal kontroll på eigarskapen.

(saka held fram under)

– Det er mykje pengar som skal inn for å halde liv i selskapet. Det har både å gjere med relasjonane til bankar og kundar, men også at om vi skal bruke så mykje pengar, så vil vi vere med å bestemme kva som skjer, svarar han.

Merkar interessa

Saman med Njål og søstera Hege Sævik Rabben, bur Vegard i lokalmiljøet i Herøy. Han seier at det gjeld å ikkje ta med jobben overalt, sjølv om han merkar at mange har vore nysgjerrige.

–  Folk spør sjølvsagt, men eg har ikkje kjent det som noko påtrengande. Folk spør kor det går, og om det er noko nytt. Også svarar ein på det om ein kan, seier han.

Trass gleda, er det framleis tunge tider framfor reiarlage. Tvers over bukta ligg den åtte år gamle ankerhandtereren Havila Neptune til kai utan jobb.