Letta var stor både i Olympic sine lokalar, og elles i Herøy, då reiarlaget i går kunne legge fram ei kriseløysing med støtte frå kreditorane. Smila satt laust og det kom blomar på døra frå samarbeidspartnarar då Sunnmørsposten møtte leiinga i selskapet kort tid etter kriseløysinga blei presentert.

– Har vore i tvil

Olympic-sjefen og storeigaren har saman med finansdirektør John Arne Winsnes, vore mest involvert i forhandlingane som stadig har blitt forlenga.

– Det har vore ei berg- og dalbane, og ei turbulent tid med mange ulike ting å handtere. Då er det viktig å ha dyktige folk rundt seg. For det blir ikkje betre enn dei folka du har, seier Remøy.

Han peiker på at ulike interesser mellom dei sju bankane pluss GIEK, gjorde forhandlingane vanskelege. Samstundes har dei vore bevisst på å halde dialog med obligasjonseigarane, for å sikre seg fleirtal for den løysinga som blei valt.

– Å få alle til å gå i same retning, har vore ei utfordring, men no eg er rimelig trygg på at vi skal få ein ny vekstmaskin, seier Remøy. Olympic var nær 800 tilsette på det meste før oljekrisa sette inn, medan dei i dag er kring 500 – før minst 80 nye tilsette må gå som følgje av sal av skip. Nær halvparten av dei tilsette i dag, er frå Møre og Romsdal og dei fleste av desse frå Sunnmøre.

Les også: Huse går inn som investor: – Håper Olympic lykkes (krever abonnement)

Tener mest på subsea

Planen som truleg blir banka gjennom dei neste vekene, gjer at Olympic kjem ut av stormen som eit reindyrka subsea-selskap.

– Dei siste åra har kring 70 prosent av inntektene våre kome frå dei 11-12 subsea- og konstruksjonsskipa våre, påpeiker Stig Remøy.

Desse skipa blir no flytta over i eit nytt selskap - Olympic Subsea, som samstundes blir det nye morselskapet i konsernet.

Reiarsjefen viser til at det finst om lag 2.500 forsyningsskip og ankerhandterarar i marknaden, medan subsea-marknaden i tilsvarande tonnasje berre består av kring 200 skip. Ei slik dreiing av verksemda var under forhandlingane heile tida målet, og Remøy trur at selskapet vil vere interessant for investorar.

– Folk meiner det er muleg å gjere butikk i denne marknaden. Då vi skulle hente kapital til selskapet, så var det mykje vanskeligare å hente kapital til anna tonnasje enn subsea, legg finansdirektør John Arne Winsnes til.