Garaventa sin totale aksjekapital i Hoven Loen AS vart dermed auka til 29 millionar kroner, som utgjer ca 20 prosent eigardel.

– Vi har vore partnerar og medaksjonærar sidan starten av. Etter kvart som prosjektet har gått framover og vi ser kor stort dette er og seriøsiteten både i selskapet og prosjektet, ønskjer vi å auke eigarskapen vår til om lag 20 prosent, sa Sebi Lüönd, økonomidirektør i Garaventa AG før han signerte nyteikninga av aksjar. Og det til stor applaus frå generalforsamlinga.

– Med nyteikninga av aksjar er Hoven Loen Garaventa sitt fjerde største investeringsprosjekt i verda, etter Antalia i Tyrkia, Koblenz i Tyskland og Lisboa i Portugal. Vi ser oss alltid rundt etter slike gode prosjekt som Hoven Loen, seier Lüönd til Fjordingen.

Applauderte

Generalforsamlinga gjorde samtidig vedtak om å auke maksimal aksjekapital til 145 millionar kroner. Det betyr at dei øvrige aksjonærane kan teikne seg for til saman nye 11-12 millionar kroner i tida som kjem.

Selskapet som først var planlagt til 202,5 millionar kroner, er no oppe i 267,5 millionar kroner, og prosjektet er fullfinansiert.

Dagleg leiar Richard Grov tok i møtet sjølvkritikk på at han ikkje tok høgde for høgare pris enn 202,5 millionar frå starten av, utan at han blei møtt med anna enn smil.

– Garaventa har heile tida sagt at vi må gjere ting skikkeleg og ferdig. Det har vi gjort. Pendelbana er i drift og går opp og ned før byggjelånet vert opna. Smak på den, sa Grov.

Prøvekaninar

Styret fekk tidlegare måndag vere "prøvekaninar" opp gondolbana, etter spesialtillatelse frå utbyggjaren. Styreleiar Leif Riksheim gjorde det klart at framtidige brukarar av bana har mykje å glede seg til.

Opninga av Hoven Loen er sett til 20. mai 2017.

Etter generalforsamlinga fortalde byggjeleiar Ragnar Hagen om kompleksiteten både med å planleggje, skrive kontrakt og gjennomføre prosjektet.

– Utan tilsvarande prosjekt hadde vi ikkje grunnlag for å hente anbod. Vi endte opp med spesialavtale med HS Bygg som hovudentreprenør. Og eg kan gje stor ros til HS Bygg, for prosjektet har ikkje kosta ei krone ekstra i feil frå HS Bygg, sa Hagen. Når han la til at maks feilmargin mellom botn og topp i prosjektet skulle vere fem millimeter, vanka det ny applaus frå generalforsamlinga. HS Bygg leverte innafor høvesvis ein og to millimeter.

Prosjektet er så langt gjennomført utan ulukker med personskade.