– Det ser ikkje ut til at folk blir lei av pizza. Vi køyrer to skift her, og greier akkurat å få produsert nok, seier Hans Jostein Langelo, fabrikksjef ved Orkla sin pizzafabrikk på Stranda.

Til no har 2004 vore rekordåret for pizzaproduksjon. Men 2016 ser ut til å slå alle rekordar, seier Langelo.

176 tilsette

Det er gode nyheiter for dei 176 tilsette ved bedrifta – ein av dei aller største arbeidsplassane i kommunen.

– Veksten i år blir på ca. ti prosent, legg Langelo til.

Sjef Hans Jostein Langelo er fabrikksjef for Orkla sitt anlegg på Stranda.

I nokre år var det nokså flat utvikling i pizzasalet. Ja, det var til og med litt nedgang enkelte år. Men denne trenden er altså snudd.

– Kvifor er det vekst igjen?

– Vi har mellom anna vore heldig med ein del kampanjar, og vi har lansert nye variantar av Grandiosa. Og Grandiosa er salsvinnaren vår, seier fabrikksjefen.

16 variantar

Pizza Grandiosa, som dei har produsert sidan 1980, kjem no i 16 variantar. Og det er den klassiske varianten som dei sel mest av.

Tidlegare i år runda dei ein halv milliard Grandiosa sidan den beskjedne oppstarten i 1980.

I år kjem dei til å produsere 25 millionar Grandiosa, sju millionar Big One – og dei lagar tre millionar pizzaar for eksport. Vidare kjem dei i år til å lage to millionar lefsepakkar.

Besøkte pizzafabrikk: Kronprinsen fekk smaken på Stranda

Store dimensjonar

– Viss du tek alle pizzaeskene frå årets produksjon og legg dei etter kvarandre, vil dei strekke seg frå Lindesnes til Nordkapp og tilbake igjen, fire gonger. Det

seier litt om dimensjonane, seier Hans Jostein Langelo.

– Er det aktuelt å tilsette meir folk ved fabrikken?

– Er ikkje pizza usunn mat?

– Nei, på ingen måte. Pizza består mykje av brød, ost og grønsaker. Saltinnhaldet er nede på berre 0,9 prosent. Orkla er opptekne av å stadig få laga sunnare variantar av sine produkt, svarer fabrikksjefen på Stranda.

Lefser

– Korleis er lefsemarknaden?

– Den er jamn og stabil. lefsene har heilt klart sin marknad.

I løpet av det siste året har Orkla opna både lefsefabrikk med 20 tilsette og nytt fryseri ved pizzafabrikken i Svemorka på Stranda.

Og dei har fleire nye planar:

– Vi har heile tida planar og vyar for framtida, men ikkje noko vi førebels kan gå ut med. Det er nok litt fram i tid, seier Langelo.

Pizza julaftan

– Eg vel å tru at dei et det på føremiddagen. Julaftan er jo lang. Til sjølve julemiddagen trur eg at dei fleste held seg til tradisjonell julemat, seier Hans Jostein Langelo – som sjølv held ein knapp på pinnekjøt julaftan.

Pizzafabrikken i Stranda kjem i år til å lage om lag 35 millionar pizzaar. Foto: ARKIVFOTO: TERJE ENGÅS