Berre kort tid etter at Kvamsøya-bedrifta avslutta arbeidet med sitt største oppdrag nokon sinne, har Brimer skaffa ein ny stor jobb, ifølgje heimesidene til selskapet.

Kontrakta er ein ny jobb for ålesundselskapet Artec Aqua, som skal levere eit  landbasert anlegg for produksjon av lakserogn til Salmobreed Salten i Nordland.

Viktig kontrakt

Brimer har nær 50 tilsette og produserer tankar, vassbasseng og siloer av glasfiberarmert plast.

– Dette er ei stor og svært betydeleg strategisk kontrakt. Arbeidet på Kvamsøy er allereie sett i gang, og vil gi betydeleg aktivitet i fabrikken i tida framover, seier administrerande direktør Håvard Haanes i Brimer i meldinga.

Bedrifta opplyser ikkje verdien på kontrakta, men salssjef for oppdrett, Dag A. Davik, opplyser til smp.no at det dreiar seg om eit tosifra millionbeløp.

Omsetnaden dei siste åra har vore på kring 80 millionar.

(saka held fram under)

Satsar på oppdrett

Davik seier at dei har ein sterk posisjon i marknaden for vann- og avløp, men at dei siste oppdraga viser ei ny retning.

– Det er i oppdrett vi ser dei store mulegheitene framover, seier han og viser til utviklinga med meir landbaserte anlegg.

Brimer skal levere 16 oppdrettskar med eit samla volum på kring 8000 kubikkmeter og 21 luftingseiningar i fiberarmert plast. Alt er designa og laga på Sunnmøre og skal leverast i løpet av året.

Anlegget ved Kobbelv nord for Fauske, er det største oppdraget Artec Aqua har sikra seg med ein kontraktsverdi på 330 millionar kroner.

(saka held fram under)

Nye investorar

Brimer har vore gjennom ei omorganisering dei siste åra. Håvard Haanes blei tilsett som leiar av bedrifta i fjor, etter at gründeren Jarle Støylen ba om avløysing etter 40 år.

Nye investorar er óg blitt med på laget. I tillegg til Støylen sitt eigedomsselskap, eiger no Midvest AS og Spilka International AS høvesvis 33 og 22 prosent av aksjane.

Nye investorar med langtidsplan for Brimer (krever abonnement)

Støylen sitt framleis i styret i selskapet, der han i haust fekk med seg Jogeir Romestrand som ny styreleiar etter Bjørn Petter Tunheim.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no