Tysdag formiddag melder Olympic Shipping at selskapet har fått forlenga standstill-avtalen med kreditorane til og med 31. januar.

Dermed er det eit halvt år siden standstill-avtalen vart inngått 5. juli i fjor. Ein førebels avtale med kreditorane vart gjort i desember. Før jul vart det meldt at eit stort fleirtal av låntakarane i Olympic sine to obligasjonslån stemte for den framlagte løysninga frå Stig Remøy og selskapet.

Sjølv om restruktureringa er i si avsluttande fase, og selskapet forventar at restruktureringa blir sluttført snarleg, kan ikkje selskapet gje garanti for at det blir oppnådd ein avtale, skriv Olympic Shipping til slutt i børsmeldinga tysdag føremiddag.

I går vart det kjend at konkurrenten Havila Shipping kapra ein treårig subseaavtale for «Havila Subsea».