Siste veke fekk dei forlenga den såkalla standstill-avtalen som gjer at dei slepp betale på gjelda. Avtalen går ut i dag, tysdag, og spenninga er stor til om selskapet kjem med ei ny børsmelding.

Restruktureringa er i ei avsluttande fase, men det har tydeleg dukka opp skjer i sjøen for korleis den endelege avtalen skal vere.

Selskapet forventar at refinansieringa snart er i hamn, men selskapet i førre veke ikkje gi nokon garanti for at det kom ein endeleg avtale på bordet.

Reiarlaget kjempar hardt for å skaffe arbeid til skipa sine. Før jul fortalde Sunnmørsposten at 19 av Olympic sine 22 skip var utan kontrakt etter årsskiftet.