Søre Sunnmøre tingrett holdt måndag den første skiftesamlinga etter konkursen i Stig Remøy-selskapet, MJ Eigedom. Då kom det fram at det er meldt inn sju krav på til saman 545 millionar kroner.

Det er eitt av Remøy sine eigne selskap, SSR Invest, som har det største kravet på til saman 344 millionar kroner, og størstedelen er pantesikra. Dei resterande krava er ikkje prioritert.

– Ikkje noko tyder på at det blir dekning for nokon del av dei usikra krava. Og panthavarane kan då heller ikkje pårekne dekning ut over eigedommen på Mjølstadneset sin verdi, opplyser bustyrar Thore Heggen til smp.no.

Heggen ber i sin rapport til tingretten om at det vert oppnemnt burevisor, og skriv at eit mål må vere å kome i hamn med bubehandlinga innan sommaren.

Årsaka til konkursen

MJ Eigedom gjekk før konkursen 20. desember under namnet Olympic Holding AS, og var då morselskap i Olympic-konsernet sin offshore- og fiskeriverksemd. I sin rapport til tingretten redegjer bustyrar for årsaka til konkursen.

(saka held fram under)

Det er velkjent at offshoreverksemda gjekk på ein smell, samstundes som ein fekk utfordringar med eigarskapet i krillselskapet Rimfrost AS.

Seinhausten 2016 blei det naudsynt å tilføre meir kapital til Olympic Holding. Manglande semje mellom kreditorane om oppgjer, førte til at ein ikkje ville gå inn med meir midlar frå SSR Invest.

– I forlenginga av dette var det kravd oppbod for selskapet, skriv bustyrar.

Tomtesal

Selskapet eig også ein eigedom på Mjølstadneset i Herøy, der Stig Remøy har hatt planar om å bygge nytt hovudkvarter for konsernet.

(saka held fram under)

Heggen seier ei løysing kan vere at buet legg eigendomane ut for sal. Det står framleis att nokre avklaringar i kontakten med kommunen.

Verdilause aksjar

Selskapet har aksjar i Rimfrost As og Olympic Ship, men aksjane blir vurderte til å vere utan verdi. I tillegg har dei eit krav på 4,7 millionar kroner mot Emerald Fisheries, som er i frivillig gjeldsforhandling med kreditorane.

MJ Eigedom/Olympic Holding har ikkje hatt tilsette eller operativ aktivitet. Eigarposten til det skipseigande selskapet Olympic Ship har gitt utbytte, medan investeringa i krillfartøyet MS Juvel og oppbygginga av krillverksemda i Rimfrost AS har gjort det naudsynt med tilførsel av kapital.

I løpet av 2014 og 2015 blei Olympic-konsernet omorganisert, og mellom anna blei selskapa Stig Invest AS og Stig AS fusjonert til SSR Invest.