Ulmatec Handling skal levere åtte sideportar i tillegg til utstyr som gangvegar, heiser og løfteanordningar for mindre båtar som skal nyttast til turar frå skipet.

– Ulmatec har jobba med denne kontrakta over lengre tid og det er ein milepåle når denne no vert sikra. Ulmatec får no betalt tilbake for si  satsing innan ekspedisjonsskip, cruise- og passasjerbåtar, seier sals- og marknadsdirektør Jon Åge Eidem i ei pressemelding.

Avtalen gjeld for det første hurtigruteskipet MS Roald Amundsen, med opsjon på MS Fridtjof Nansen, i tillegg til dei to andre skipa som Kleven har opsjon på.

(saka held fram under)

Utstyret blir designa og laga ved avdelinga på Hareid, og etterpå skal det monterast ved Kleven verft.

Konsernet som går under selskapsnamnet Ulstein Marine Technology AS, har hatt inntekter på kring 380 millionar dei siste åra, men rekneskapen for 2016 er ikkje offentleg enno.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no