250 norske sjømateksportørar mister si godkjenning i Kina den 27. april. Dersom ikkje dette kjem på plass raskt kan det bli full stopp også i eksporten av frosenfisk til Kina.

– Eg har ei god magekjensle for at det vil ordne seg, men det hastar, sa Sjømatrådet sin utsending i Kina, Sigmund Bjørgo då han møtte fiskeeksportørar i Ålesund torsdag.

Sjømatrådet hadde invitert til dialogmøte i samband med at Kina og Norge er i ferd med å normalisere forholdet, som har vore iskaldt etter at Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris i 2010.

Smp.no oktober 2010: Fiskeribransjen er ikke bekymret

Hindringar

– Får vi det ikkje på plass innan eit par veker vert det full stopp i transporten av fisk til Kina, sa Sigmund Bjørgo.

Optimisme

Trass i dette akutte problemet var det optimisme som prega forsamlinga av eksportørar

– Kundane er positive, og trur at norsk laks vil klare å kome sterkt tilbake. Men det er utfordringar. Mellom anna har chilensk laks tatt mykje av marknaden, og Chile har frihandelsavtale med Kina, seier salssjef Julia Li i Ocean Supreme, som var stor eksportør av fersk norsk laks til Kina.

Dialogmøte: Kina-utsending Sigmund Bjørgo i Sjømatrådet og salssjef Julia Li i eksportselskapet Ocean Supreme i Ålesund under dialogkonferansen torsdag

Å vinne tilbake laksemarknaden er hovudprioritet for Sjømatrådet.

– Først må vi normalisere marknadsadgangen. Her har Mattilsynet og Veterinærinstituttet ei viktig rolle, og dei reiser til Kina i mars, seier Kina-utsending Bjørgo.

Ein aktør som har store voner til at flokar skal løyse seg er Ramoen-selskapet. Fram til 2010/2011 var Kina ein viktig marknad for fiskemjøl som vart produsert om bord på «Ramoen» og andre trålarar.

– Det har vore stopp i seks år. Problemet er at det norske og kinesiske mattilsynet ikkje har snakka saman, seier salssjef Katrine Florvaag i «Ramoen».

Stor oppgang for torsken: Aksepterer tint fisk som fersk