– Vi har snudd kurva med lønsemd. Etter nedgang frå 2010-2011 peikar no lønsemdkurva oppover, seier konsernsjef i Ekornes, Olav Holst-Dyrnes til smp.no.

Ekornes-konsernet kom torsdag morgon med børsmelding, med resultat for fjerde kvartal, som er litt svakare enn året før. Men året 2016 sett under eitt, er derimot langt lystigare lesnad.

Nedlegging gir resultat

Holst-Dyrnes fortel at nedgangen i 4. kvartal skuldast rekneskapsmessige forhold.

–Og ser vi på året under eitt, er bildet eit heilt anna. Vi har gjort endringar, blant anna med nedlegging av fabrikken på Hareid, og resultatet begynner no å vise, seier Holst-Dyrnes.

Auka driftsmargin

Driftsmarginen har gått opp frå 11,7 prosent til 13,8 prosent.

For Stressless har driftsmarginen gått opp frå 10,2 til 12,3 prosent.

–Vi sel ikkje meir, men vi tener meir. Og det er det viktige, seier Holst-Dyrnes.

Bonus for innsatsen

Alle tilsette vil få ein bonus på 32 prosent av ei månadsløn.

–Dette er kjekt. Dei tilsette har gjort ein flott innsats. Det har vore eit tøft år, og då er det godt å sjå at innsatsen gir ein slik effekt, seier Holst-Dyrnes.

Han fortel at bonusen til dei tilsette i fjor var på 20 prosent av ei månadsløn, men dette har variert. Og det er nokre år sidan dei tilsette fekk så mykje som 32 prosent.