Torsdag var pressefolk invitert til Kleven-verftet ved Ulsteinvik for å vere med på markering av byggestart av dei nye hurtigruteskipa.

Hurtigrutesjefen vil markere starten på bygging av skipa ved å sjølv sette i gong robotproduksjonen. Kleven-konsernet har satsa stort på automatisering dei siste åra, og flytta meir av stålarbeidet heim til Norge.

Mykje stålarbeid

Kleven har no omorganisert heile produksjonen i robothallen for å tilpasse seg jobben med Hurtigruteskipa.

Denne gongen skal også ein større del av stålarbeidet enn vanleg, gjerast ved verftet på Sunnmøre.

Bildeserie: Sjå dei første detalj-skissene av hurtigruteskipa

Mellom anna skal heile overbygget med lugarar og bustadseksjon, lagast ved verftet. I slike konstruksjonar på passasjerskip nyttast meir tynt stål enn til mange andre type fartøy.

Robotproduksjonen ved Kleven er trekt fram som eit konkurransefortrinn for verftet, og har truleg spelt ei stor rolle i kvifor Kleven sikra seg jobben.

Milliardverdi

Hurtigruten-sjef Daniel Skjeldam (t.h.) og Kleven-sjef Ståle Rasmussen frå den gong avtalen blei kjent. ARKIV. Foto: Tor Farstad

Avtalen

skipsbyggjarkonsernet sikra seg i fjor

skal ha ein verdi på meir enn ein milliard kroner for kvar av dei to skipa.

Hybridfartøya vil ha mulegheit til å segle kortare distanser med heilelektrisk drift.

Ifølgje Skjeldam skal forbruk av drivstoff og CO2-utsleppa bli redusert med kring 20 prosent, med hybridløysinga som er utvikla av Rolls-Royce Marine. Også miljøorganisasjonen Bellona har vore sentrale i prosjektet.