– Det er svært gledeleg at vi har klart å hale i land ei så viktig kontrakt for fartøyet, seier Gunnar H. Hide, adm.dir. i Ulstein Power & Control i ei pressemelding.

Yachten som Ulstein skal levere i 2018.

Leveransen inkluderer system for automasjon, overvaking, kontroll, kommunikasjon, dynamisk posisjonering og kraftkontrollsystem.

– For Ulstein Power & Control er det sjølvsagt interessant å kome inn på andre område enn olje og gass, og yacht-marknaden er interessant, seier Hide til Sunnmørsposten.

Sentralt i leveransen er systemet Ulstein IAS og plattforma Ulstein X-Connect, som ifølgje produsenten løftar marin kontroll, alarm og overvaking til ein ny og mykje meir fleksibel og skalerbar standard. Systemet skal hjelpe brukaren ved å gi brukarstøtte i pressa situasjonar.

– Kontrakten vil sikre oss mykje godt arbeid. Det har vore tett konkurranse med mange store aktørar, og at vi får levere heile denne pakken viser at vi ikkje berre er konkurransedyktige på pris, men også ved at vi kan levere topp moderne system og løysingar som førebur skip på den digitale framtida. Dette synest sjølvsagt vi er veldig stas, seier Hide.