GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) og dei store offshorereiarlaga på Sunnmøre var i august i fjor samla for å diskutere mulegheitene for eit større reiarlag, melder Nett.no måndag.

Leiingane frå Farstad Shipping, Island Offshore, Rem Offshore, Havila Shipping og Olympic var alle representert på møtet.

Styreleiar Per Sævik i Havila Shipping stadfestar dette, men seier til avisa at samtalane ikkje førte fram.

Etterpå skal GIEK ifølgje Nett.no ha hyra inn ein konsulent som skulle sjå om det var muleg å få dei gjeldstynga selskapa i same båt. To nye møter skal ha vorte arrangert utan resultat, og etterpå gjekk reiarlaga vidare med å jobbe for eigne løysingar.