På ein marknad der dei kjempar mot gigantar som ABB, Siemens og General Electric har Stadt AS kapra gode oppdrag og gått klar av mykje av nedgangen i den maritime klynga.

Les også: Naustkrangel stoppa industrisamarbeid mellom Stadt og Rolls-Royce

Permitteringar

Dagleg leiar Hallvard Slettevoll seier fjoråret vart eit «nullår» for selskapet, men i åra etter 2010 har rekneskapen gått med eit overskott på drygt 13 millionar av ei omsetning som har auka til 70–80 millionar dei siste åra.

Nam Cheong-gruppa i Malaysia leverte inn den største ordren nokon gong til Sande-bedrifta, då dei i 2014 tinga utstyr til 16 offshoreskip med elektrisk framdrift. Det er ei kontrakt bedrifta framleis leverer til.

– Utan den ordren kunne vi truleg ikkje bygd denne fabrikken, seier Slettevoll.

Nye marknader

Det gjer at bedriftsleiaren har spesiell tru på marknaden for militære skip og kystvaktskip. Men dei er også inne i marknaden for brønnbåtar og luksusyachtar, og Slettevoll ser moglegheiter for både passasjerskip og endå større fartøy.