Island Performer, eit anna skip med x-bow. (Foto: Tonje Alvestad)

Island Performer, eit anna skip med x-bow. Foto: Tonje Alvestad

Ulstein med fire x-bow-salg til nye cruiseskip

Minst fire nye ekspedisjons-cruiseskip vil ha Ulstein X-bow.

Det er Florida-baserte SunStone som vil ha båtbaugen X-bow frå Ulstein på minst fire nye curisefartøy, skriv Vikebladet Vestposten.

Båtbaugen blei også nyleg kåra til nummer to i Aftenposten sin konkurranse om beste norske design.

Ulstein Design & Solutions har sikra ein intensjonsavtale med eit kinesisk verft.

- Vi kan stadfeste at det er inngått ein LOI (intensjonsavtale) mellom Ulstein Design & Solutions og verftet China Merchants Industry Holdings på levering av design og utstyrspakke for bygging av fire «expedition cruise»-skip i Kina. Skipa skal byggjast for reiarlaget SunStone. Dette er svært gledeleg og vi ser fram til å jobbe vidare med dette prosjektet, seier kommunikasjonssjef i Ulstein Group, Lene Trude Solheim, til Vikebladet Vestposten.

Det kan også bli meir enn fire skip:

Det kinesiske verftet og SunStone Ships, Inc. signerte nyleg ein rammeavtale for bygginga av fire skip, med ein opsjon på ytterlegare seks skip. Dermed kan totalen bli ti skip.

Dette er det neste steget for offshorevind

Ulstein med nytt jack-up-fartøy

«Soul» er namnet på det nye fartøydesignet frå Ulstein og nederlandske SeaOwls.

Jubel i Ulstein etter ny avtale

Ulstein kom inn bakvegen, og enda opp med å vinne konkurransen om ny milliardferje for Color Line.

 

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Cruise-gjenombrot for Ulstein Group

Har fått kontrakt med kinesisk reiarlag.