Det er Florida-baserte SunStone som vil ha båtbaugen X-bow frå Ulstein på minst fire nye curisefartøy, skriv Vikebladet Vestposten.

Båtbaugen blei også nyleg kåra til nummer to i Aftenposten sin konkurranse om beste norske design.

Ulstein Design & Solutions har sikra ein intensjonsavtale med eit kinesisk verft.

- Vi kan stadfeste at det er inngått ein LOI (intensjonsavtale) mellom Ulstein Design & Solutions og verftet China Merchants Industry Holdings på levering av design og utstyrspakke for bygging av fire «expedition cruise»-skip i Kina. Skipa skal byggjast for reiarlaget SunStone. Dette er svært gledeleg og vi ser fram til å jobbe vidare med dette prosjektet, seier kommunikasjonssjef i Ulstein Group, Lene Trude Solheim, til Vikebladet Vestposten.

Det kan også bli meir enn fire skip: