Det går fram av ei pressemelding frå Hareids-bedrifta.

Leikanger fortel ope om bakgrunnen for avgjersla, som har modna over tid. Første gong tankane om å gi seg som konsernsjef kom, var då han fekk dramatisk hjartestans for nokre år sidan.

Etter at han også fekk ei kreftsjukdom, fekk desse tankane større plass. Sjølv om begge deler gjekk bra, kjente konsernleiaren på at prioriteringane endra seg og at han ville nytte meir av tida med familien og senke tempoet i kvardagen.

– Eg har hatt lyst å bruke meir tid på meg sjølv og omprioritere litt for å redusere risikoen for framtidige helseplager, seier han i ein kommentar.

På leiarjakt

Aksjonærar og tilsette fekk beskjeden måndag om at Leikanger går over i ei nyoppretta stilling som forretningsutviklar når ny konsernleiar er på plass.

Stor vekst

Jets Vaccum har vekse mykje dei siste åra og har i dag kring 150 tilsette. Etter fleire år med ein omsetnad på kring 300 millionar kroner, viser rekneskapen for 2015 inntekter på heile 397 millionar kroner.

Bedrifta har ikkje hatt underskott på drifta og resultatet i åra frå 2010 til 2015, har vore på 138 millionar kroner før skatt. Samstundes har dei ein eigenkapital på nær 150 millionar (sjå nøkkeltal for bedrifta til høgre – under om du les på mobil, journ. anm.).