– Vi har planar om å produsere om lag fire millionar smolt i året.

Det fortel Roger Hofseth, dagleg leiar i Hofseth International AS, som i fjor kjøpte Fjordlaks saman med japanske Yokohama Reito Co.

Dei to selskapa betalte i overkant av ein milliard kroner, og eig no femti prosent kvar av Fjordlaks.

Seljar var Anders Pedersen.

Nye arbeidsplassar

Satsinga i Tafjord betyr også fleire arbeidsplassar i bygda. I første omgang ser Hofseth føre seg at dei må tilsette tre–fire, i tillegg til dei fire som til no har arbeidd ved anlegget i Tafjord.

Hofseth fortel at dei skal oppgradere og utvikle anlegget som ligg på land.

Det er allereie gjort avtale med grunneigarane, Norddal kommune er blitt orientert – og rivearbeida er komne i gang. Det er den øvste delen som skal rivast.

Ferdig neste år

– Vi reknar med at det nye anlegget står klart til bruk seinsommaren 2018, legg Hofseth til.

Smolten som skal produserast i Tafjord skal dei ha til eige bruk, til dei fem anlegga sine.

Roger Hofseth vedgår at det er ei stor investering dei no skal gjennomføre i Tafjord. Men han er sikker på at det er ei lønsam investering:

– Skal vi lukkast med oppdrett, så må vi ha eit godt grunnlag. Og ei investering som vil gje oss betre vekst og betre smolt vil betale seg, meiner han.

Roger Hofseth ser ikkje føre seg at det vil skape problem at anlegget ligg i eit verds- arvområde.

– Det reknar vi med skal gå greitt. Vi har jo eit anlegg der i dag, og det skal no bli finare og meir moderne, seier Roger Hofseth.

Viktig satsing

I Norddal kommune er dei glade for den store satsinga på smolt i Tafjord:

– Dette vil bli ei vitamininnsprøyting i bygda. Vi treng fleire arbeidsplassar her inne, seier ordførar Arne Sandnes (Sp).

Han stadfestar at kommuneleiinga er blitt orientert om smolt-planane.

Sandnes ser fram til ny produksjon i anlegget, der det var smoltproduksjon heilt fram til i fjor.

Roger Hofseth er dagleg leiar i Hofseth International, som saman med eit japansk selskap i fjor kjøpte Fjordlaks. Foto: Nikolas Birkevold Farstad