Havilafjord håper å hente inn opptil 1,7 milliardar kroner på dette, melder Nett.no. Pengane skal i tilfelle brukast til å kjøpe resten av Fjord1-aksjane frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ifølgje ein investorpresentasjon frå Fearnley Securities gjer Havilafjord no alvor av planane om å ta selskapet på børs, og samstundes overta dei resterande aksjane frå fylkeskommunen, skriv Nett.no.

Adm.dir. Dagfinn Neteland understreker overfor NRK Sogn og Fjordane at saka enno ikkje er avgjort i styret.

Fjord1 hadde i 2016 eit rekordgodt resultat der resultatet før skatt steig frå 212 millionar kroner i 2015 til 504 millionar kroner i 2016.