Island Offshore har inngått avtale med OceanGate Expeditions om bruk av Island Crown som støttefartøy under ein planlagd djupvassekspedisjon neste år, melder reiarlaget i ei børsmelding torsdag ettermiddag.

Dette er den første bemanna kartleggingsekspedisjonen av Titanic sidan 2005, ifølgje meldinga.

– Oppdraget vil ha ei varigheit på ti veker for Island Crown frå slutten av mai 2018. Island Crown skal vere overflatefartøy, og syte for husrom samt frakte ekspedisjonsdeltakarar heile ekspedisjonen gjennom, heiter det i meldinga.

Island Crown har også sikra seg arbeid for vår og sommar fram til september, opplyser selskapet.