– Dette er eit særs allsidig bygg, med mange moglegheiter, seier 35-åringen, og tek oss med på ein rundtur i det som ein gong var ein møbelfabrikk.

På det meste hadde over 150 menneske arbeidet sitt her.

No er det einaste vi ser nokre handverkarar som held på å pusse opp kontorfløya.

Lager

– Det er fleire som allereie nyttar ein del av anlegget her til lager, både private og bedrifter, forklarer Solvang.

Mellom anna ser vi fleire bubilar, campingvogner, bilar og anleggsmaskiner her – alt frå ei rusten Folkevogn frå 50-talet til ein moderne gravemaskin.

– Men det er plass til mange fleire. Eg kjem til å satse på mellom anna vinterlagring av bilar og båtar, fortel Solvang.

Lagring Det er plass til mange fleire bilar og båtar i lokala til Liadal Lager, fortel John Ivar Solvang. Foto: Terje Engås

Selskapet som er etablert har fått namnet Liadal Lager. Allereie i mai opnar det eit bubilhotell her.

– Når folk vil på tur, kan dei kome og parkere privatbilen sin på Liadal, og køyre av garde med bubilen.

Verkstad

På sikt vil det også bli sal av båtar og motorar her, samt reparasjon av fritidsbåtar.

– Og det kjem meir etter kvart, legg Solvang til.

Møbelfabrikken, som bestod av ei rekkje byggjetrinn, har vore til sals i lang tid.

Bygningsmassen inneheld produksjonsbygg, kaldtlager, ferdigvarelager, kontorfløy med 18 kontor – og kantine.

– Eg skal leige ut kontorplassar. To kontor har allereie fått leigetakarar. Dei som leiger har tilgang til kantine, møterom og videokonferanseutstyr Kantina kan bli selskapslokale, seier John Ivar Solvang.