Det er Remøy Havfiske i Fosnavåg som eig trålaren som sist vart brakt opp av den russiske kystvakta. Fiskeristyresmaktene både på norsk og russisk side jobbar med å få frigitt trålaren.

– Diverre har dette tatt lenger tid enn vi hadde håpa på, men mannskapet har det bra og vi er ein god dialog med russiske styresmakter, så vi håpar sjølvsagt på ei snarleg løysing seier styreleiar i Remøy Havfiske, Olav Remøy, til nettstaden.

Herøy-reiaren vil ikkje kommentere saka i media før saka er løyst, skriv Fiskebåt vidare.

Årsaka til at trålaren er heldt tilbake, blir omtala som ein bagatell, og skal dreie seg om en feil i dokumenta i samband med behandlinga av lisensen til fartøyet.

– Dette er ei sak mellom Grensevakta og reiarlag/kaptein, men generalkonsulatet vårt i Murmansk følgjer saka, og bistår mannskapet om bord. Dei har det bra. Russiske styresmakter handterer saka etter fastsette prosedyrar, opplyste Ane Lunde i Utanriksdepartementet til avisa Nordlys søndag.