Det er framleis inga løysing i saka der herøytrålaren «Remøy» er skulda for tjuvfiske i russisk sone.

Fiskeridirektoratet har sagt at dei ved ein feil ikkje kryssa av for rekefiske for Remøys søknad til russiske myndigheiter.

Tingretten i Murmansk har no sett kausjonsbeløpet til 90 millionar kroner gjennom to rettsmøte denne veka, skriv Vestlandsnytt. Dette skal vere rundt ti gonger verdien av den aktuelle rekefangsten.

- Kravet står på ingen måte i forhold til realitetane i saka, og dette kravet gjer at situasjonen ikkje er mogleg for reiarlaget å handtere. Dessutan ligg ansvaret hos norske styresmakter. Vi hadde håpa på at saka skulle få ei rask avklaring, seier Audun Maråk, adm.dir i Fiskebåt.

Politisk sak

Saka er no i ferd med å bli flytta opp på politisk nivå mellom Norge og Russland, skriv Vestlandsnytt.

Fiskebåt opplyser at dei har løpande kontakt med Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og det norske Utanriksdepartementet (UD), og har tatt initiativ til eit møte fredag ettermiddag. Også Norges fiskarlag og reiarlaget vil delta på møtet. Fiskebåt og reiarlaget skal også ha eit møte med parlamentarisk leiar i Frp på Stortinget, Harald Tom Nesvik, for å drøfte situasjonen.

Trålaren var på veg ut av russisk sone onsdag i førre veke då russiske inspektørar kom om bord. Dei sjekka fangsten opp mot lisenspapira og tok båten med til Murmansk. Sidan har reiarlaget, Remøy Havfiske i Fosnavåg, jobba intenst med å få frigitt skipet.

Trålaren har eit mannskap på 17 om bord. Reiar Olav Remøy vil ikkje kommentere saka før den er løyst.