– Dette blir sett enormt pris på. Eg synest det er heilt fantastisk.

Det er ingen tvil om at konsernsjef Geir Johan Bakke sett pris på oppdraget dei kunne gå ut med fredag: Storkontrakt på fem ferjer for Fjord1.

Les også: Havyard vann storkontrakt på Fjord1-ferjer

Tre av ferjene skal inn på strekninga Hareid-Sulesund og to på Magerholm-Sykkylven. At dei skal gå i heimtraktene til Havyard-sjefen busett i Herøy, gjer det litt spesielt:

– Vi gler oss til at ferjene kjem i drift. Det er meir litt skrekkblanda fryd at vi skal byggje ferjene som skal gå akkurat på desse strekningane. Eg tok seinast Hareid-Sulesund-ferja no i dag, fortel han.

Totalpakke

Fjord1 skal totalt investere for kring 1,1 milliardar kroner på desse sambanda. Kontraktverdien for Havyard er truleg på om lag det halve. Det dreier seg om ei totalpakke med design, bygging, framdriftssystem, bruløysingar, automasjon og batterisystem.

Skroga blir bygd ved eit Havyard-verft i Tyrkia, medan ferjene blir utstyrt ved Leirvik-verftet i Sogn.

(saka held fram under)

Fleire folk i Fosnavåg

Sjølv om det meste av jobben går til verftsarbeidarar på Leirvik-verftet i Sogn, blir det nok å gjere for andre delar av konsernet.

– Vi bemannar opp både i Fosnavåg og Bergen, delvis som følgje av desse kontraktane, men også fordi det er generelt høgre aktivitet, sier Bakken.

I Design- og Solutions-avdelinga i Fosnavåg jobbar i dag kring 40 tilsette. Totalt har Havyard-konsernet kring 200 tilsette på Sunnmøre.

– Tøffe miljøkrav

Dei første skroga kjem til Sogn neste vår og før jul skal dei første to ferjene vere klare.

– Det er berre tida og vegen, er det lita tid?

– Nei, dette kan vi og allereie er vi komne langt på designjobben.

Ferjene skal ha heilelektrisk drift på overfarten, men har back-up-løysing for dieseldrift om det skulle oppstå straumstans. Konsernsjefen fortel at det har vore ei utfordring å jobbe mot miljøkrava som er stilt i kontraktane.

– Styresmaktene stille tøffe krav til utslipp og oljeforbruk. Det gjer at det blir utvikla ny teknologi og kunnskap. Samstundes har styresmaktene gode måter å måle dette på, meiner Bakken.

Mykje ferjejobb

Herøy-reiar Per Sævik med familie er på eigarsida både i Fjord1 og Havyard. Og Havyard-konsernet har fått fleire oppdrag med fornyinga av Fjord1-ferjene det siste året.

I fjor fekk dei tre nye ferjer inn ordreboka herifrå og den første av desse ferjene skal leverast i mai 2018.