Volda-firma med fleire kai-kontraktar

A. Våge AS i Volda har saman med Ing. L. Nes AS i Ålesund gått inn i avtale om tre nye kaiprosjekt.

Prosjekta har eit samla areal på godt over 2.000 kvadratmeter, og består mellom anna av utviding av kai for Skipavika Næringspark AS.

To kontraktar går på arbeid for Havn Rørvik IKS i Nord-Trøndelag.

– Kaia i Skipavika er den sjuande i rekka av kaier vi har utført for Skipavika Næringspark. Kaiene til Nord-Trøndelag Havn Rørvik IKS er store prosjekt med samla størrelse på over 40 millionar kroner, opplyser dagleg leiar Askjell Våge i ei pressemelding.

A. Våge AS i Volda har 60 års fartstid i bygg- og anleggsbransjen, med kai som spesialfelt i dei siste 20 åra.

– Vi har så langt utført over 100 kaiprosjekt, med eit samla kaiareal på godt over 70.000 kvadratmeter, opplyser Våge.

Askjell Våge er dagleg leiar av firmaet A. Våge.
(Foto: Svein Aam)

Askjell Våge er dagleg leiar av firmaet A. Våge. Foto: Svein Aam

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Her kan voldsutsatte komme seg på beina igjen

– Hva skulle jeg har gjort uten disse menneskene? Antakelig hadde jeg havna på gata.

– Hva skulle jeg har gjort uten disse menneskene? Antakelig hadde jeg havna på gata.