Leveransen gjeld anlegg for gir og vridbare propellar, sidethrustarar og fjernstyring for framdrift. Trålaren skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verkstad for reiarlaget Cetus og utstyret frå Brunvoll skal leverast frå starten av 2018.

Verdien på avtalen blir ikkje opplyst.

Dagleg leiar Hallvard Pettersen i Brunvoll Volda opplyser i ei pressemelding at selskapet ser ein positiv trend etter fleire kontraktar den seinare tida.

Scana Propulsion-selskapa blei fjor kjøpt av Molde-selskapet Brunvoll. Selskapet som tidlegare gjekk under namnet, Scana Volda, leverte i fjor eit resultat før skatt på heile 18 millionar kroner av ein omsetnad på 230 millionar.

Bakgrunn: Volda, Brunvoll og dei lange historiske linene