Tine Meieriet Ålesund får om lagt 200 kundar og aukar mjølkeproduksjonen med kring fire millionar liter i året, som følgje av at produksjonen ved Byrkjelo-meieriet blir lagt om.

Denne veka startar arbeidet med å rive og bygge opp at lageret ved Ålesund-meieriet for å handtere auken – og fornye anlegget. For å utføre arbeidet blir lageret i Ålesund stengt i fire veker frå og med no.

«Austlandsmjølk»

Ein konsekvens for kundane vil vere at mjølka i denne perioden kjem frå Austlandet, for det meste frå Oslo og Frya.

– Men mjølka skal smake likt uansett kvar du kjøpar henne i landet, fortel meierisjef Jan Heggem til smp.no.

Til vanleg får forbrukarane på Sunnmøre mjølk frå nærområdet som er tappa på meieriet i Ålesund, og køyrt direkte frå meieriet til butikkane. I vekene lageret er stengt, vil også søtmjølkproduksjonen stoppast. Produksjonen av dessertar og andre langtidshaldbare produkt vert som normalt, opplyser Tine i ei pressemelding måndag.

(saka held fram under)

Ikkje fleire tilsette

Til saman 140 tilsette arbeider på meieriet i Ålesund, men auka aktivitet betyr truleg ikkje at det blir fleire arbeidsplassar i Ålesund. Men ein konsekvens blir at det vil gå fleire mjølkebilar mellom Ålesund og Sogn og Fjordane.

Meieriet blei bygd i 1908, og er mellom dei eldste i landet. I ettertid har det vore bygd om og utvida fleire gonger. Lageret er sist fornya tidleg på 1990-talet, ifølgje meierisjef Jan Heggem.