På Salmar sitt settefiskanlegg fekk dei demonstrert vaksinering av smolt. Vaksinering av settefisken har sendt antibiotikabruken i Norge nesten til null. Slik er det ikkje i alle EU-land.

Stolt kunne landbruks- og matminister Jon Georg Dale og fiskeriminister Per Sandberg følge EU sin kommisjonær for helse- og mattryggleik, Vytenis Andriukaitis, rundt på settefiskanlegget Rauma Sætre på Daugstad.

– Mange andre land har mykje å lære av Norge, ifølgje Sandberg.

På anlegget på Daugstad vaksinerer dei to millionar smolt kvart år. Kvar settefisk må vaksinerast manuelt, med eit stikk. Det betyr at anlegget i gjennomsnitt gir godt over 5.000 vaksinestikk kvar einaste dag.

Omvisinga var ei innleiing til eit toppmøte om antibiotikaresistens i Ålesund. Her samlar regjeringa nokre av verdas leiande ekspertar for å diskutere kampen mot antibiotikaresistens. Sjå heile programmet her (ekstern side).